tirsdag 8. september 2009

Gunnlaug Ormstunge - Ein islendersaga DEL 1

Gunnlaug Ormstunge er ein av 29 islendingesagaer som finner sted på Island årene under og etter landnåmstida - 870-930 e.Kr, og sjåast som ein viktig del av norrøn historie. For mange blir dei teke som nærmast historiske dokument, sjølv om sagaene inneheld svært mange overnaturlige element. Sagaen, Gunnlaug Ormstunge, byrjar med at vi treffer Torstein. Han var ein rik og mektig høvding, som budde på Borg på Island. Ein dag seilar eit skip inn til Guvåosen ved Borg. Torstein rid ned til skipet og treff ein mann som han fort blir venn med; Bergfinn. Nokre ukar seinare bestemmer Torstein og Bergfinn seg for å ri opp under Valfjell. Under denne turen draumar Torstein ein spesiell draum som vil bli avgjørande for resten av forteljinga. Han fortel om draumen til Bergfinn, som tydar han. Bergfinn seier at Torstein kjem til å få ei nydeleg dotter som to menn kjem til å kjempe til døden over, men til slutt vil ein annan mann vinne kjærleiken hennar. Torstein blir umiddelbart redd for at draumen skal realiserast, og fortel sin kone kva som vil hende. Han ber henne ta dottera dei får, og setje ho i skogen slik at hun dør. Draumen er i stor grad knystet til forteljinga sitt tema som baserast seg på å vinne den store kjærleiken. Ære og slekt er også svært viktige elementa som ofte er veldig påverkande for skjebnen til personane i sagaen. Blodhemn blir i aller høyesete grad praktisert, for ikkje å snakke om kor viktig det er med sosial status i form av makt.

Vidare fortset sagaen med at kona til Torstein rett og slett ikkje greier å la det fagre barnet dø. Hun sender jenta til Torgerd Egilsdotter, som fostrer barnet opp i løyndom. Seks år går forbi utan at Torstein får greie på nokre, da han ein dag drar for å besøke Torgerd og familien hennar. Torgerd fortel Torgeir at den vakre jenta dei har på garden er hans eiga dotter. Torgeir blir glad da han får høre dette, og tek jenta, som har fått namnet Helga, med seg heim. Fleire år går forbi og vidare blir Gunnlaug Ormstuge, son av Illuge, veldig hugteke av Helga. Han vil fri til ho, men skal dra utanlands. Torstein lover bort dottera til Gunnlaug, og seier ho skal vente på Gunnlaug i tre år.

Igjen kan man sjå kor viktig slekt og sosial status var i den norrøne kultur, i likskap med mange andre kulturar. Om eit ekteskap skulle forkomme var det fullstendig avhengig av slekt og kor høgt den fann seg på høvdingstiga. Torstein er ein mektig mann, og det er ikkje kven som helst som får gifte seg med dottera hans. Gunnlaug på sin side er fryktlaus og tar ikkje nei til svar. Personane i sagaen er i tillegg tydeleg oppteke av korleis dei framstår og om dei innfrir i rolla som heltar.

Korleis sagaen fortset gjenstår å sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar